onsdag 1. august 2007

Stadig spelegal

Det er altfor lenge sidan, men no er eg tilbake. Grunnen til det lange fråveret er at eg rett og slett har vore oppteken med andre ting enn å skrive blogg. Det har dessutan teke meg litt lang tid å bli kvitt ein viss personleg motstand mot det å skulle skrive internettdagbok liksom. Men etter å ha tenkt over det, har eg kome til at det slett ikkje er så dumt å prøve. Det verste som kan skje er vel at nokon kunne kome til å lese det, ikkje sant?
Så til poenget: Eg har opplevd to av Sqare Enix sine spel, og har derfor ikkje hatt tid til å skrive. Den absolutt største RPG-opplevinga mi til no er Final Fantasy XII. Det går mest i Dragon Quest for tida, nemleg The Legend of the Cursed King, så Wii'en har ein pause og ventar på eit skred frå Nintendo til hausten. Ellers så var det siste Harry Potter ein stor nedtur, kanskje mest fordi at eg ikkje er så veldig fan. Meir positivt var det jo med God of War 2, så gamle gode PS2 held koken bra.

Ingen kommentarer: