søndag 16. september 2007
Super Paper Mario
Røyrleggjaren med tung bart og kjeledress er tilbake i Super Paper Mario (SPM). Underteikna er ein av dei (heldige) som fekk spelet i postkassen dagen før den offentlege lanseringa i EU fredag 14. september. Slik er det med førehandsbestilling nemleg. Og det er ingen grunn til ikkje å skryte uhemma av dette spelet. Så langt oppfyller det alle forventningar. Dette er ei sjarmbombe av eit spel for Wii, og det beste sidan The Legend of Zelda: Twilight Princess. Også her viser Nintendo at dei er i stand til å tenke nytt innan innovativt gameplay, spesielt med tanke på vekslinga mellom 2d og 3d. Super Mario World (snes) og Super Mario 64 (n64) har smelta sammen med rpg-element i SPM, og dersom du står fast i 2d kan du svitsje til 3d og komme eit steg vidare. Du speler som Mario, princess Peach, Luigi og Bowser, og alle har forskjellige eigenskapar som du må gjere bruk av for å komme deg ut av knipa.
Abonner på:
Innlegg (Atom)