mandag 23. april 2007

Wii Sports: Tennis mest holdbart

Tennis i Wii Sports er den beste greina i denne sporten, som har fått ei rekke husmødre av begge kjønn opp av godstolen og ut på golvet. Det blir interessant å sjå kva som kjem på denne konsollen framover. Sjølv har eg oppdaga at også baseball er brukbar kondisjon. For stovegolvet. I dag er det sjanse for å få prøvd å spele med to wiimotes samtidig på min konsoll. Du kan lese meir om den opplevinga her seinare. Og så er heimesida mi her. Det vil komme noko meir der etterkvart, så berre heng med om du vil.

tirsdag 17. april 2007

Røyk ut, spill inn

Det er i dag eitt år sidan eg slutta å røyke. Det har eg faktisk spart mykje pengar på, så mykje at eg har hatt råd til å kjøpe spillemaskiner. Det blei ps2 i fjor sommar, og i vinter kom det ei blank og fin nintendomaskin i stova. Eg er gjennom Zelda - Twilight Princess. Ganondorf fekk svi sist torsdag.
Og det er spill det skal dreie seg om her. Wii er ei fantastisk spillmaskin. Det er difor eg har fått meg blogg. Veit ikkje om det blir noko her kvar dag, men kanskje.